Dei første gjestene kom tidlegare i veka. Meland kommune held fast på ein 25 år gammal tradisjon med budsjettkonferanse på Fleischer’s – sjølv om dei fekk maten servert på nabohotellet Park Hotell Vossevangen.

– Frå og med frukosten i dag har vårt eige kjøken kunne servera gjestene, fortel hotelleigar Gerd Tønjum.

Dei 57 gjesteromma i den historiske delen av hotellet er ikkje tekne i bruk att etter brannen. Minst sju av desse romma vart øydelagde. Men alle romma i motellet, mellomfløya og på jernbanestasjonen er operative.

Arne Hofseth
Nystrigla