Før jul varsla Ruth Grung at ho ikkje ville ta attval som leiar i Ap i Bergen, etter to år med mykje turbulens. På møtet i går var valkomiteen delt i synet på kven som bør overta leiarvervet. Det ligg likevel ikkje noko dramatikk her, i følgje leiaren Bente Krokeide.

— Vi har to gode kandidatar, og slik eg har forstått valkomiteen kan den leve med begge, seier Krokeide.

Ho ønskjer ikkje å gå inn på kva politiske skilnader som kan ha ført til at valkomiteen ikkje vart samd. Ruth Brudvik tilhøyrer den meir etablerte generasjonen i partiet og sit i kvinnepolitisk styre, medan Aarek er nyutdanna frå universitetet med hovudfag i samanliknande politikk og sit i partistyret.

Nestleiar Erling Mjelde, som ikkje er på val, har varsla valkomiteen om at han trekkjer seg viss Aarek blir vald. Ifølgje Krokeide skuldast det berre at dei då må få ein kvinneleg nestleiar for å halde kjønnskvoteringsreglane i partiet.

Mindretalet har innstilt på at Ruth Brudvik då blir nestleiar.