Dei tre anlegga på Ystaneset og nær Såta på Stolmen og på Storekalsøy kjem i tillegg til den store vindmølleparken på Selbjørn, som Statkraft allereie har søkt om konsesjon for.

På kvar plass kjem det tre møller. No set ordføraren opp skiltet «alt utseld».

— Det vert nok ikkje fleire vindmøller. Potensialet er tatt ut, seier Helge Andre Njåstad til Bergens Tidende.

Det er ikkje vinden det skortar på. Han tek hardt frå alle retningar i Austevoll. Flaskehalsen er kapasiteten i straumnettet. Skal det byggjast fleire vindmøller no, må overføringskapasiteten frå Austevoll aukast. Då vert lønsemda tvilsam.

Det er selskapet HybridTech i Halden som denne gong har fatta interesse for dei forblåste øyane sørvest for Bergen. I søknaden understrekar HydbridTech at dei tre vindmølleparkane er god butikk for Austevoll-samfunnet.

Til saman 100 millionar kroner over 20 år legg vindmøllene igjen. Det aller meste i form av billegare straum for austevollingane.

Dei tre parkane gjev i tillegg vel ein million kroner årleg i eigedomsskatt til kommunen, pluss nye kaier og vegar.

I kommunestyret røysta 18 for å seie ja til konsesjonen, åtte røysta mot. Møllene splitta alle partigrupper, bortsett frå Frp, som samla gjekk inn for søknaden.

Njåstad trur dei første vindmøllene i Austevoll vil reisast i løpet av neste år.