NVE måtte i 2003 kutta i den opphavelege planen frå 1999 grunna pengemangel. Med bakgrunn i uvêrssituasjonen hausten 2005, pressar Direktoratet for sivilt beredskap på for å få kartlagt område der det kan vera fare for flaum og skred. NVE konsenterer seg om flaumfaren.

Ute

Naustdal, Olden, Nordfjordeid, Byrkjelo, Guddal, Øvre Årdal og Aurland i Sogn og Fjordane var blant bygdelaga som fall ut ved revisjonen i 2003.

— Det skuldast mangel på ressursar, ikkje at trongen for kartlegging mangla, seier sakshandsamar Inge Lavoll i NVE til Bergens Tidende.

Kartmakarane er i rute med gjennomføringa av den reviderte planen.

I Sogn og Fjordane står to elvar att. Flaumsonekartet for Stryneelva skal vera ferdig innan utgangen av 2006, medan Hjelledøla må venta til neste år, rapporterer Lavoll.

— I Hordaland er det levert flaumsonekart for Dale og Etne. Kartet for Eidfjord er i trykken, og Voss blir klart i februar, fortel Lavoll sin kollega, overingeniør Siss-May Edvardsen til Bergens Tidende.

Modalen fall ut ved revisjonen i 2003.

Vil inn

I utgangspunktet viste ikkje kommunane i Hordaland like stor interesse for kartlegginga som i Sogn og Fjordane, men no har fleire meldt si interesse.

— Vi har fått skriftleg førespurnad frå Os (Oselva) og Granvin om å få utarbeidd flaumsonekart, i tillegg til Modalen, dersom prosjektet vert forlenga utover 2007. Andre har meldt si interesse, og vi ventar fleire søknader, seier Edvardsen.

Men spørsmålet om NVE sin produksjon av flaumsonekart etter 2007, står framleis ope. Karta viser kva jordstykke, bygningar, vegar og andre installasjonar som vil stå under vatn ved ulike flaumnivå, og kor ofte det har vore flaumar på desse nivåa.