Det er innbyggjarane i det nye byggefeltet rundt sjukehuset som kjem til å vera utan vatn ei stund.

— Vatnet fossar opp på gangvegen. Førebels er det dei høgastliggande husa oppom sjukehuset som er råka, men når me får stengt av vatnet, vil 50-60 husstandar verta råka.

Det sa driftsoperatør i Førde kommune Vidar Solhaug til bt.no like før klokka 21.

Ein time seinare hadde vatnet kome attende til rundt halvparten av bustadane.

— For dei resterande husa er det ikkje mogleg å kobla om vatnet. Gravearbeidet er i gang, og me reknar med at alt er i orden innan klokka 01.00. Uansett skal alle ha vatn i morgon tidleg, seier Solhaug.

Ein veit enno ikkje årsaka til brotet i leidningen.