Like før klokka 02.00 natt til søndag fekk politiet melding frå ein utestad i Sogndal om at ei kvinne i 20-åra hadde vore utsett for vald frå ein mannleg gjest.

— Kvinna vart ikkje alvorleg skadd, men politiet vil etterforske saka, seier operasjonsleiar Leif Bell i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Om lag ein time seinare blei ein mann slått ned i Måløy sentrum. Den skadde mannen vart tatt hand om av ambulansepersonell som kom til skaden. Politiet skriv i loggen sin at dei veit kven dei involverte er, og at saka vil bli etterforska.

— Den mistenkte er 19 år, medan den skadde er i 20-åra, seier Bell.

Mannen er ikkje alvorleg skadd, ifølgje politiet.