Forbruket av ADHD-medisin i Norge har gått ein veg dei siste åra: Opp, opp, opp. Tradisjonelt er ADHD ein barnediagnose, men dei siste fem åra har også medisinforbruket blant vaksne akselerert, viser nye tal frå Apotekforeningen.

  • Sidan 2003 er forbruket av ADHD-medisin firedobla blant pasientar over 27 år i Hordaland.
  • I 2007 vart det skrive ut femti prosent fleire døgndoser til vaksne ADHD-pasientar i Hordaland enn året før.

– Vi har observert ein veldig sterk auke i salet av ADHD-medisin til vaksne dei siste åra, stadfester fagdirektør Anne Smedstad i Apotekforeningen.

Ikkje evig medisinert

Forklaringa på den veldige veksten er samansett. Ei viktig årsak er at dei nye retningslinjene, som kom i mai 2005, har gjort det enklare å skrive ut ADHD-medisin til vaksne.

Meir forsking, nye medikament og massiv medieomtale har også gjort diagnosen kjent i samfunnet, samt ei sterk pasientforeining. Nokre kallar ADHD ein motediagnose.

Men professor Jan Haavik, leiar for eit stort tverrfagleg forskingsprosjekt om ADHD blant vaksne, trur stort sett at pasientar som får ADHD-medisin, har behov for behandling.

– Tida vil vise kva nivå det er rett å leggje seg på, seier Haavik, som jobbar ved Institutt for biomedisin i Bergen og er overlege ved Haukeland Universitetssjukehus.

Alt i alt vart det skrive ut over 135.000 døgndoser ADHD-medisin til vaksne pasientar i Hordaland i fjor. I hovudsak er dette sentralstimulerande legemiddel, klassifisert som narkotika.

DNA-jakt

Omtrent sytti prosent har utbytte av medisinering. At mange prøver ADHD-medikament i løpet av eit år, treng derfor ikkje bety at dei blir ståande på medisinen i årevis.

– Dei fleste sluttar etter få år.

Før meinte ein at ADHD var noko barn vaks av seg. I dag viser internasjonale studium at mellom tretti og seksti prosent har store problem også i vaksen alder.

Sidan 2005 har forskargruppa i Bergen rekruttert over 500 pasientar, for å kartleggje kva slags problem og psykiske symptom vaksne med ADHD har.

Dei leitar også etter variantar i arvestoffet (DNA), på jakt etter genar som kan verne mot eller medføre risiko for diagnosen. Som dei aller første har bergensforskarane påvist at lågt nivå av signalstoffet serotonin i hjernen kan vere blant årsakene til hyperaktivitet.

Når dagens ADHD-diagnose, som stammar frå 1994, skal reviderast om få år, skjer det med utgangspunkt i ny kunnskap, der mellom anna forskinga i Bergen kan bidra.

– Dette er berre eit lite skritt på vegen. Vi har tenkt å halde fram i mange år, om vi får støtte, seier Haavik.

– Klarar de å løyse ADHD-gåta?

– Det blir litt vel dramatisk. Vi legg stein på stein, er svaret.

— Dekninga enno for låg

ADHD-foreningen tek veksten som eit teikn på at kapasiteten aukar i behandlingsapparatet på Vestlandet.

– Det er gledeleg. Før var det bortimot uråd å få utgreiing og diagnostisering i Hordaland, seier assisterande generalsekretær Knut Bronder.

– Dette fortel meg at fleire vaksne får hjelp i Hordaland, men dekninga er framleis for låg.

Bronder understrekar at talet på døgndosar berre seier noko om mengde, ikkje om omfanget av ADHD.

– Medisinering er dessutan berre ein bitteliten del av behandlingsaspektet, minner han om.

Høvik, Tor