Klokka 15.20 køyrde ein bil rett i fjellveggen utanfor tunnelen på Ulveseth. Bilen vart mykje skadd, men den kvinnelege føraren, som var aleine i bilen, slapp frå ulykka utan alvorlege skader.

Klokka 16.05 small det ved Hammersland. Ein bil segla av vegen på glatta, og hamna på taket. Mannen som køyrde kom frå det utan alvorlege skader.

Like etter vart ein personbil, som hadde stogga ved ulykkesstaden, påkøyrd bakfrå av ein som ikkje klarte å stogga på glatten. Den kvinnelege føraren av bilen som vart påkøyrd klaga over nakkesmerter.