I går morgon blei ein 47 år gammal mann alvorleg skadd då han fall frå tredje etasje på eit nybygg ved Rica Sunnfjord Hotel i Førde. Mannen blei innlagd på intensivavdelinga ved Førde sentralsjukehus med hovud— og skulderskadar. Sjukehuset karakteriserer tilstanden som alvorleg, men stabil.

— Mannen dreiv på med oppryddingsarbeid. Han kasta ting ned på eit lasteplan åtte meter lenger nede, då han sjølv fall og blei med ned, opplyser operasjonsleiar Atle Jensen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ikkje kritikkverdig

47-åringen er tømrar, og tilsett i eit Førde-selskap som har fått snikkararbeidet på nybygget. Dei skulle ta til på oppdraget sitt i går.

Arbeidstilsynet var på plassen rett etter ulukka, men fann ikkje noko kritikkverdig. Inspektør Oddvar Mikalsen seier til Bergens Tidende at ulukka skjedde då tømraren i morgontimane hjelpte til med opprydding etter eit anna firma som var i ferd med å sluttføre sitt jobboppdrag på nybygget til hotellet.

— I forhold til dei lover og reglar vi har å forhalde oss til, har vi så langt ikkje funne brot på desse. Firmaet mannen jobbar for, hadde eigentleg ikkje tatt til på sitt oppdrag då fallulukka skjedde, seier Mikalsen.

Kraftig auke

I Arbeidstilsynet er dei uroa over statistikk som viser at talet på ulukker i arbeidslivet gjekk kraftig opp i 2002. Innanfor bygg og anlegg var det i fjor 13 dødsulukker. Dermed er talet på dødsfall tilbake på 1999-nivå. Totalt innanfor heile arbeidslivet var det i fjor 39 ulukker med døden som utgang. Tilsvarande tal i 1999 var 37. Også talet på uhell og ulukker som fører til skade, har gått opp.

— Ulukkestala gjekk jamt nedover frå midten av 1990-talet og til og med 2001. Det året var det eksempelvis berre fire dødsulukker innanfor bygg og anlegg, seier Mikalsen.

Så langt i år har ikkje Arbeidstilsynet tal for utviklinga.

Inspektøren ved Arbeidstilsynet sitt kontor i Førde seier at det kan vere mange grunnar til at ulukkestala stig. Sjølv trur Mikalsen årsaka kan vere å finne i eit arbeidsliv som blir stadig meir hektisk. Tidsfristane blir stadig kortare.

— På same tid er det vårt inntrykk at bedriftene har blitt langt flinkare til å sikre arbeidarane sine. Tilstanden er langt betre no enn for 20-30 år sidan. Bedriftenes innsats har i stor grad kompensert auka press i arbeidslivet, meiner Oddvar Mikalsen.

FALL ÅTTE METER: Mannen som blei skadd fall under oppryddingsarbeid på nybygget på baksida av Rica Sunnfjord Hotell i Førde sentrum. Mannen var tømrar i firmaet som skulle ta til på snikkarbeidet på bygget. <br/>Foto: ODDLEIV APNESETH