Reiselivet i Hardanger hadde ein framgang på 11.000 gjestedøgn i juli samanlikna med juli månad i fjor.

Det gjev ein auke på 12 prosent, melder opplyser direktør Helge Møller i Reisemål Hardanger Fjord AS. Han opplyser at auken er jamnt fordelt mellom nordmenn og utlendingar. Oversynet viser elles ein liten nedgang for tyske og britiske turistar. Men dette vert henta inn att og vel så det med stor auke av nederlendarar og framskmenn. Det er og solid auke frå Asia, frå USA og frå Latin-Amerika.

Ser ein dei sju første månadene under eitt, ligg hotellnæringa i Hardanger 5% under fjoråret, medan hyttenæringa har heile 10,5% framgang.

Oversjøiske nasjonar har solid auke, Asia +11,6%, USA 15,7% og Latin Amerika +93%.

Fleire og fleire turistar bur på hytte og på campingplass. Auken i juli var 21%. Det var 5000 fleire gjestedøgn i bubil på registrert campingplass, og 2500 fleire gjestedøgn i hytter. Her er tyskarane og nederlendarane i fleirtal.