• LEIERANE LEIAR AN: Statsminister Erna Solberg møtte EU-kommisjonens president Barroso i desember i fjor. Dei diskuterte økonomi og norsk støtte til tiltak mot arbeidsløyse i EU-landa. - Noreg dreg fordeler av å vere del av verdas største marknad. Det er rimeleg at eit land som får tilgang bidreg etter evne. Og Noreg er eit rikt land, sa Barroso den gang.

Fleire trur på Europa enn Noreg

Halvparten av oss trur kontinentet har fått det romslegare økonomisk gjennom det siste året. Berre ein av fem trur det same er tilfellet her heime. - Folk svarar det same som vi ser, seier sjefsanalytikar.