Den jamne trafikkauken over Nordhordlandsbrua held fram. I oktober passerte 268.047 køyretøy over Nordhordlandsbrua, noko som utgjer 8647 passeringar pr. døger.

Sidan Nordhordlandsbrua opna for trafikk den 22. september 1994 (betaling frå 26. sept.) har trafikkutviklinga vore slik:

År Trafikk Prosentendring Snitt pr. døger

1994 583 171 6 012

1995 2 376 183 6 510

1996 2 473 134 4,1 6 757

1997 2 589 226 4,7 7 094

1998 2 750 189 6,2 7 535

1999 2 892 558 5,2 7 925

2000 2.947 108 1,9 8 052

2001 2.594 225 4,2 8 534

Vegdirektoratet har i sine prognoser (1999) lagt til grunn at Nordhordlandsbrua vert nedbetalt i 2005. Fylkesrådmannen vil ikkje sjå bort frå dette, men etter den låge auken i år 2000 (1,9%) tilseier våre utrekningar at innkrevjinga kan avsluttast først i 1. kvartal 2006.

Avslutningstidspunktet er avhengig av auken i inntekter og også i nokon grad av renteutviklinga.