Det seier Joseph Bell, professor i arabisk ved Universitetet i Bergen.

— Auken kom etter krigen i Afghanistan, seier Bell.

— Interessa kom nok delvis før 11. september, etter Sharons provokative handlingar på Vestbreidda og der Bush i staden la skulda på Arafat, seier professoren.

Hausten 2002 begynte første kullet på bachelorprogram i midtaustenkunnskap ved Universitetet i Bergen. Faget er sett saman av historie, arkeologi, arabisk, sosialantropologi og religionsvitskap. Studentane må ha litt av kvart fag, og så vel ein kva ein ønskjer å fordjupa seg i. Mange vel arabisk.

— Blant 2. semesterstudentane, det som svarar til grunnfag, ser me ei dobling i talet på studentar. Det er òg fleire som tek mastergrad enn før, seier Bell.

Professoren fortel om politisk engasjerte studentar.

- Samanheng med media

— For mange er det nok eit ønskje om å forstå meir av kva som går føre seg som ligg i botn. Meistrar ein del arabisk kan ein lesa og forstå nyhende. Mange tenkjer nok at dersom dei skal jobba internasjonalt mot Midtausten er språk viktig, seier Anders Bjørkelo, professor i historie og undervisningsansvarleg for midtaustenkunnskap.

— Den auka interessa for midtaustenkunnskap kan ha samanheng med at regionen er mykje framme i media. Men det skuldast nok òg at ein søkjer svar på det som skjer, på dei store spørsmåla i samtida, og vil gjera seg opp eigne meiningar, seier Bjørkelo.

Han trur òg auken har med å gjera at med det nye bachelorprogrammet er det lettare enn før å kombinera ulike fag knytta til nettopp denne regionen.

— Og så er studentane meir internasjonale enn før. Dei har meir kunnskap, er meir globale og tverrfaglege, og mange ser ut over Noreg sine grenser når dei skal bestemma seg for kva dei ønskjer å jobba med, seier Bjørkelo.

Auke også i Oslo

Også Universitetet i Oslo opplever ein auke i talet på studentar som ønskjer å ta asiatiske og afrikanske studium. Innanfor dette fagfeltet er Midtausten og Nord-Afrika ein studieretning.