Pengane vart lagde på bordet i revidert nasjonalbudsjett sist veke. Totalt har regjeringa funne pengar til 400 nye studentbustader landet over.

— Dei 60 som skal byggjast i Bergen kjem på toppen av dei 100 som vi løyvde pengar til i statsbudsjettet i fjor haust. Regjeringa har overoppfylt dei lovnadene som vart gitt i 2009 om å byggje 1000 bustader i året, seier SV-leiar Audun Lysbakken

I hjelm og vernesko fekk han i går ei omvising i dei nye studentblokkene som er under bygging på Grønneviksøren.

Grønneviksøren klar i haust?

Ved semesterstart i fjor hadde Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) over 2000 studentar i bustadkø.

— Desse pengane set vi stor pris på, seier adm.dir. Per Kristian Knudsen i SiB. SiB har mange prosjekt i skuffa som ventar på finansiering.- I fjor søkte vi om støtte til 800 nye bustader, seier styreleiar Audun Kjørstad.

Det er førebels uvisst kvar dei 160 nye husværa skal byggjast. SiB har eit håp om å få bruke ei tomt i Fosswinckels gate på Nygårdshøyden, men saka må først avklarast med UiB, som eig halve tomta.

Aller først må SiB uansett få ferdige dei 727 hyblane på Grønneviksøren. Håpet er at desse skal vere innflyttingsklare til haustsemesteret, men dette er ennå ikkje avklart.

Prosjektet skulle vore i mål for to år sidan, men utvikla seg til eit mareritt for SiB. Først vart entreprenørselskapet som stod for bygginga konkurs. Så oppdaga SiB at bygga var ustabile på grunn av feilprosjektering, og store ombyggingar måtte til.

Satsar på fleire etter valet

Dei byggtekniske problema og ekstrakostnadene gjer at det heller ikkje er klart kva studentane må betale for eit husvære ved Store Lungegårdsvannet.

SV-leiar Audun Lysbakken meiner utbygging av studenthyblar er det viktigaste og beste tiltaket for å hjelpe studentar.

— Kostnaden med å bu er den desidert største utgifta studentar har. Slike utbyggingar dempar også presset på bustadmarknaden generelt. Vi har bygd veldig mange fleire studentbustader enn den borgarlege regjeringa gjorde før oss. I neste periode vil vi auke ambisjonane ytterlegare, seier Lysbakken.