Den aukande og høge strykprosenten er no blitt eit fylkespolitisk tema. Saka var oppe på sist møte i Opplæringsutvalet.

Strykprosenten er særleg høg for elevar som ikkje har fått praksisplass og som difor må ta sluttopplæringa i skulen.

Totalt strauk 9,9 prosent av kandidatane i Hordaland i 2002. Landsgjennomsnittet var 7,2 prosent. I 1999 var strykprosent i Hordaland 7,8. Tendensen er at fleire stryk for kvart år.

Opplæringsavdelinga i fylkeskommunen peikar på eit par årsaker til kvifor dei trur hordalendingar stryk meir enn andre. Dei trur prøvenemndene kan vere strengare i vurderinga si her enn elles i landet. Og dei meiner opplæringa i verksemdene kan vere dårlegare. Ei anna forklaring som vert brukt, er at det dei siste åra er opna for kryssløp og alternative vegar fram til fag— og sveinebrev, til dømes full opplæring i ei verksemd.

For å få ned strykprosenten vil ein betre oppfølginga av dei kandidatane som ikkje har bestått prøvene. I løpet av første halvår i 2004 skal ein ta i bruk dataverktyet Lærlinginspektørane, der lærlingane rapporterer om sin eigen læresituasjon. Vidare vil ein byrje med meir vurdering undervegs, slik at ikkje alt stå og fell på ei avsluttande prøve.

Grunnkursa Formgivingsfag, Helse- og sosialfag, Medium og kommunikasjon og Tekniske byggfag merkar seg ut med høg strykprosent.