- Misleghald av billån er ein typisk «tidleg-indikator» på kva me har i vente innanfor andre område seinare. Me har no ein «all-time-high» for bil totalt sett, seier kommunikasjonssjef i Lindorff, Stig Inge Eikemo.

Dei første seks månadene i år har talet på inkassosaker innan bilfinans hos Lindorff stige med nærare 13 prosent, samanlikna med same periode i fjor. Totalt gjekk rundt 11.000 saker til inkasso på grunn av mang— lande betaling av lån eller leasing.

- Tala tyder på at me ligg på eit høgare nivå enn toppen etter finanskrisa, seier Eikemo.

Selde 22 Volvo-ar på ei veke

På Frydenbø Bilsenter på Minde er det ingenting som tyder på magrare tider. Administrerande direktør Kenneth Tveit fortel at dei berre denne veka har selt 22 Volvo-modellar på dei tre avdelingane på Minde, Åsane og Bergen vest. Laurdag vikarierte han sjølv som bilseljar, og selde ein bruktbil og to nye bilar.

- Sjølv om bilsalet er historisk godt, har vi ikkje inntrykk av at kundane våre låner over evne, seier han.

Familien Gripsgård/Grimen, som ser seg om etter ein romslegare bil med firehjulstrekk, har ikkje billån i dag. Dei har ingen planar om å skaffe seg det, heller. Litt reknar dei med å få i innbyte for den bilen dei alt har, og mellomlegget finansierer dei med huslånet.

-  Å kjøpe ny bil kjem ikkje på tale. Nye bilar fell altfor fort i verdi, seier Eirik Gripsgård.

Handlar bilar

Medan bilsalet i Europa stuper, går annleislandet Noreg mot straumen. Sjølv om det vart seld færre bilar i juli samanlikna med i fjor, vart det seld over 70.000 køyretøy i første halvår i år. Det er to prosent meir enn i fjor, viser tal frå Opplysnings-rådet for Veitrafikken (OFV).

Billån blir i stor grad finansiert gjennom andre ordningar enn tradisjonelle banklån.

- Folk låner stort sett pengar til bil gjennom eigne finansieringsselskap, dersom dei blir vurderte som kredittverdige. Desse tek vanlegvis salspant i bilen, seier direktør Jan Haraldsen i Finansieringsselskapenes Forening (FINFO), som mellom anna har Bertel O Steen og Santander som sine medlemmer.

Uviss samanheng

Makroøkonomane i DNB følgjer ikkje statistikken om bilfinansiering regelmessig.

- Men eg er kjent med koplinga om at høge billån kan føra til misleghald andre stader, også. Men kor mykje lit me skal festa til at det er ein tidleg-indikator, har me ikkje ei sterk oppfatning om, seier seniorøkonom i DNB Markets, Kyrre Aamdal.

I dag er ikkje datagrunnlaget omfattande nok til å avdekkje ein samanheng mellom årsak og verknad, meiner han. Men veksten i bruken av kredittkort, kan vise liknande tendensar.

- Me har sett at ein markant oppgang i kredittkortlån har ført til større misleghald. Men den låge arbeidsløysa og dagens inntektsvekst, tyder ikkje på at det vil skje med det første, seier han.

Milliardar til bil

Så langt i år er utlånet til privatbil på 11,7 milliardar kroner gått opp med heile ti prosent samanlikna med same halvår i fjor, viser tal frå FINFO. Då er ikkje dei tradisjonelle bankane sine utlån tekne med.

- Det er ikkje auken i bilsalet aleine som utløyser auken i inkasso, men det totale utgiftsnivået til desse personane som blir for stort, seier Eikemo frå Lindorff.

Han viser til at misleghaldet innanfor bilfinans blir stadfesta av at stadig fleire ikkje betalar kredittkortrekninga si.

- Dette indikerer at me vil sjå ein markant auke i talet på inkassosaker framover, og at bedrifter som rettar seg mot privatmarknaden, må vera førebudde på at tapa vil auke.

Direktør i Finans Norge, Jan Digranes, påpeikar at dei gode tidene i Noreg har vore med på å farga valet av økonomiske investeringar som bilkjøp.

Høgt forbruk

- Når ein ser at fleire mislegheld betalinga på dyre forbruksvarer som bil, er det eit signal om at nokon har tatt litt for godt i, seier Digranes.

Han meiner det er viktig at finansieringsselskapa framleis følgjer regelverka som gjeld for utlånspraksis, og at folk ikkje låner over evne.

- Dersom bilbransjen ser ei negativ utvikling no, så må andre leggje seg det på minnet, og følgje opp med si eiga kredittgjeving, seier han.