Det er særleg kollisjon med kai som aukar, melder Sjøfartsdirektoratet i ei pressemelding.

I løpet av første halvår 2009 er det registrert 98 ulykker med norske skip, noko som er ein auke samanlikna med same periode i fjor. Ulykker med utanlandske skip i norsk farvatn viser ein svak nedgang.

Det er ulykkestypen kollisjon med kai som har auka mest første halvår 2009 samanlikna med tidligare år. Antall grunnstøytingar er omlag som fjoråret.

– Det er bekymringsfullt at talet på ulykker framleis aukar. Særskilt urovekkande er aukinga i talet på kollisjonar med kai, spesielt innan fartøygruppa passasjerskip. Det er for så vidt positivt at antall grunnstøytingar ikkje aukar, men me hadde forventa ein reduksjon, seier avdelingsdirektør Bjørn Pedersen i Sjøfartsdirektoratet.

Sjøfartsdirektoratet vil framleis ha eit sterkt fokus på førebygging av ulykker. Det arbeidast med endringar i regelverket, og informasjonsarbeidet retta mot næringa fortset. Frå hausten vil direktoratet og intensivera kontrollen mot utsette fartøygrupper.

— Det er samstundes viktig å understreka at det er reiars ansvar å ivareta tryggleiken for skip og mannskap. Fleire reiarar har framleis ein jobb å gjere i forhold til tryggingsarbeidet om bord, seier Pedersen.