Det skriv avisa Kvinngeringen.

Når den nye verksemdleiaren for kulturetaten, med ryggdekning frå rådmannen, vil flytta kulturkontoret frå det kulturelle fyrtårnet Rosendal til Husnes, må det bli bråk. Og fleire kan vera på veg ut av rådhuset.

— Eg vurderer planane til Kristian Bringedal som fornuftige, difor har eg gjeve han tilslutnaden min for dette, sa rådmann Trond Sætereng i formannskapet sist veke.

Han hevda at dette berre er starten på ei nedbemanning av talet på tilsette i rådhuset, skriv Kvinnheringen.