Seks av dei sju personane som kom til Voss Sjukehus i forbindelse med fergeuhellet er nå skreve ut. Ei dame frå Sør-Korea er innlagt på sjukehuset med moderate skadar.

I alt er 13 personar sende til sjukehus etter ulukka. Fem til Lærdal sjukehus, åtte personer til Voss Sjukehus. Av dei resterande sju personane på Voss sjukehus var ei dame moderat skadd, medan dei seks andre, to damer og fire menn, var lettere skadd. Alle dei sju personane er utenlandske turistar frå Sør-Korea. Den alvorlegast skadde etter ulukka skal ha brote beinet.

Negativ promillekontroll

Kjetil Avsnes, operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt, opplyser at eit ukjent antal passasjerar har reist til legesjekk for eiga hand, enten i drosje eller med buss.

— Det er blitt teke promillekontroll av mannskapet om bord, og samtlege var negative. Det vi sit igjen med er at det kan ha vore ein teknisk svikt, seier Avsnes.

Båten «M/S Gudvangen» hadde 334 passasjerar og var nærast fullasta. Mange av dei om bord er turistar frå Østen.

– Ferja raste inn i ferjekaien, og kaien blei knust, seier operasjonsleiar Atle Jansen i Fjordane politidistrikt.

Teknisk problem

I følgje driftssjefen i Fjord1 skal tekniske problem vere årsaka til krasjen.

– Ferja gjekk mot kai i tre-fire knops fart. Kapteinen har fortalt at reverseringssystemet ikkje virka, seier Stub.

Passasjerbåten «M/S Gudvangen» er ei ombygt ferje som no blir brukt som passasjerbåt mellom Flåm og Gudvangen. Båten har plass til 350 passasjerar. Ferjeturen i Nærøyfjorden er ein av dei største turistattraksjonane i Noreg.

I følgje Fjord1 har det ikkje vore problem med båten tidlegare.

– Det har ikkje tidlegare vore personskader med denne båten eller andre av båtane i denne ruta, seier Terje Stub.

- Kaotisk

Eit augevitne fortel at situasjonen blir oppfatta som kaotisk.

– Det var for det meste asiatar om bord. Det har vore språkproblem og mykje folk å ta hand om. Mitt inntrykk er at det har vore hektisk. Mange er skremde og oppskaka og ber preg av det som er hendt. Nokon står og gret, fortel han.

Arne Veum (MMS)
FJORD1
LITEN PLASS: Turistbåtane legg til på fergekaien midt i Gudvangen.
Arnstein Karlsen