Direktør for bussdrift, Frank Ådland, seier til Kystradioen at det har vore størst trafikkauke i Hardanger og Sunnhordland i sommar. Han reknar med at dette har si årsak i turisme. Frå Knarvik i Lindås mot Bergen har trafikknedgangen halde fram etter at bompengestasjonen på Nordhordlandsbrua blei fjerna i vinter. I løpet av dei første sju månadene har HSD Buss hatt ein trafikkauke på 1,5 prosent. Medrekna ekspressrutene har trafikken auka med 1,7 prosent.