EYSTEIN RØSSUMeystein.rossum@bt.no

Bergens Tidende fortalde i går om to jenter under 16 år som har vorte lokka til sex etter først å ha hatt nettprat med to menn. Dette er ikkje dei første tilfella:

To nordmenn er dei siste to åra dømt for sex-misbruk etter å ha møtt offera sine på internett. I Orkdal herredsrett vart ein 31-åring i fjor dømt til eitt år og sju månaders fengsel etter å ha hatt sex med to 13 år gamle jenter. Dei hadde først møtt kvarandre på det populære pratesida "eros chat".I Agder lagmannsrett vart ein 21-åring i 1999 dømt for å ha hatt sex med ei mindreårig jente. Jenta sat barnevakt då ho møtte mannen på ei nettside.Ho ga han adressa til huset der ho var, mannen oppsøkte henne, og dei to hadde sex. 21-åringen vart dømt for utukt, og fekk 45 dagars fengsel på vilkår. Både sakene med dei to mindreårige jentene i Bergen og ei tredje sak, som gjeld valdtekt mot ein 23-åring etter kontakt på internett, er under politietterforsking.

Begge dei to småjentene har forklart at dei trudde gjerningsmennene var omtrent på deira eigen alder. Den eine mannen var i realiteten 23 år, den andre 29.

— Å gje eit falskt inntrykk for slik å kome i kontakt med offeret, er like ille som å faktisk gje feil opplysingar. Det er i realiteten å utnytte posisjonen sin, og vil vere skjerpande i ei straffesak, seier førstestatsadvokat Inger Marie Sunde, som leiar datakrim-teamet hos Økokrim.

— Pedofile veit at internett er eit eminent verkty for å kome i kontakt med mindreårige, og dei brukar det for alt det er verdt. Det er veldig viktig at foreldra er på vakt og følgjer med i kva barna gjer når dei surfar på nettet, seier spesialetterforskar Arild Lyssand i Økokrim.

Han fryktar ein auke i talet på sex-saker med utgangspunkt i møte på internett. Både i Sverige og Danmark har det vore ei tilsvarande utvikling som i Noreg.

— I USA er dette eit velkjent problem - blant anna med bortføringar og forsvinningar etter nett-treff, seier Lyssand, som reiser land og strand rundt og fortel om farene ved internett og korleis dei største fellene kan unngåast.