Handelsverksemder og industri i Kvinnherad ønskjer å utnytta det nye kundepotensialet endå betre som følgje av nye reisemønsteret. Difor inviterer Kvinnherad Næringsservice, Rosendal Utvikling og Husnes Vekst til eit møte i Rosendal 11.september der ein skal læra å arbeida meir målretta overfor hardingane.

Odda-journalisten Jan Gravdal er blant dei som skal gje gode råd i så måte.