— Dersom vi ikkje får pengane våre når vi skal, vil vi umiddelbart stengje terminalen. Og det blir ikkje opna opp att for spel før all gjeld er betalt, seier Rikstoto-direktør Erik Mietle. Styret i Norsk Rikstoto skal vedta dei nye retningslinjene på neste styremøte.

I ei lang rekkje tilfelle har kommisjonærar latt gode kundar spele utan kontant oppgjer, som reglane krev. På den måten har spelarar vore i stand til å satse meir enn dei har hatt råd til, i håp om å håve inn ein gevinst og på den måten finansiere attendebetalinga. Når gevinsten ikkje har kome som planlagt, har kommisjonæren i sin tur fått vanskar med å betale Norsk Rikstoto det dei skal ha.

I dag har Norsk Rikstoto av og til inngått avtaler der kommisjonærar med gjeld til dei har fått drive vidare. Motivet med avtalene har vore å unngå kommisjonær-konkursar og dermed også tap for Rikstoto.

— Vi ser no at vi må setje oss i respekt. Det har vore ein tendens til at vi har vorte utnytta. Somme har brukt oss som ei open kasse, seier Mietle.

Han opplyser at fleire kommisjonærar med gjeld er i faresonen, og at dei truleg blir stoppa av Rikstotos nye harde linje.

Norsk Rikstoto vil også innføre hyppigare innbetaling av omsettinga frå spelebutikkane. I dag skjer dette ein dag i veka.

— Kommisjonærane kan i dag ta imot spel i ti dagar før vi veit om dei er i stand til å betale inn omsettinga til oss. Det er for lenge, seier Mietle.