JOHN LINDEBOTTEN

Det er over 100 fleire enn i fjor, opplyser dekan Ole Gunnar Søgnen ved Høgskulen i Bergen til Bergens Tidende.

— Særleg gledeleg er det at nye studietilbod får mange søkjarar. Det gjeld energiteknologi, kommunikasjonsteknologi, informasjonsteknologi og havbruk. Vi har streva med å halda oppe ei teknologisk orientert utdanning innan akvakultur, men i år får vi 13 nye studentar på dette studiet, seier Ole Gunnar Søgnen.

Han er og glad for at datafag fangar interesse hjå fleire studentar enn før. Det same gjeld byggingeniørstudiet, noko som truleg skuldast at byggebransjen opplever gode tider.

Ole Gunnar Søgnen opplyser at Høgskulen i Bergen skil seg ut frå andre høgskular, der tilgangen på ingeniørstudentar har stagnert eller jamvel gått attende.

— Vi har arbeidd mykje med å marknadsføra ingeniørstudiet i Bergen, og det er det ut til at vi har lukkast med, seier Ole Gunnar Søgnen.