Røyslene med asylmottak på Sørfjordheimen i tre år, er gode. Det har ikkje vore konfliktar av nemnande slag. Dessutan har drifta av det statsfinansierte tiltaket gitt 1,5 millionar kroner i overskot.

Med Odda sine sysselsettingsproblem kjem 3-4 nye arbeidsplassar vel med, og det er lite lysteleg å missa dei 5,5 årsverka ein no har avtale om ut mai.

Rådmannen har fire alternativ til lokalisering av dei nye plassane, og ynskjer seg vedtak både i levekårsutvalet og kommunestyret før påske.