Frå opninga for 20 år sidan og til 2011 hoppa i snitt færre enn ein person i året frå Askøybrua. Dei to siste åra har politiet derimot registrert ein kraftig auke i talet på utrykningar. I 2011 hadde politiet tolv oppdrag, så langt i år har dei hatt 19. I år har fire personar hoppa, tre av dei omkom.

— Den offentlege debatten og fokuset på saka har gjort Askøybrua til ein stad fleire søkjer til når dei har personlege problem, seier lensmann Odd Dale til Askøyværingen.

På nivå med andre

Lensmannen er kritisk både til medias merksemd rundt sjølvmorsforsøka og aksjonar på Facebook som har fått stor oppslutnad. Han meiner fleire kjem til brua med tankar om å ta sitt eige liv.

— Det er bra at folk engasjerer seg, men måten det blir gjort på inviterer til merksemd. Aksjonane har generert fleire situasjonar, meiner Dale.

Han fortel at Askøybrua før blei oppsøkt på nivå med dei andre bruene i distriktet. Ni vil han tilbake til det «normale»:

— Vi har hatt ei negativ utvikling. Det er eit stort problem, seier lensmannen til lokalavisa. Det har ikkje lukkast bt.no å få kontakt med Dale.

Trist

Ordførar Siv Høgtun (H) er einig med lensmannen.

— Det er trist at brua har fått eit slikt rykte. Det må vi snu, seier ho.

Initiativtakarane bak facebookgruppa «Sikre Askøybroen nå», Jarle Lyngbø, stiller seg uforståande til synspunkta lensmannen og ordføraren formidlar. Han syns det er trist, og kjenner seg ikkje att i lensmannens skildring.

— Vårt mål har heile tida vore å få sikra Askøybrua mot sjølvmord. Vi har heile tida fått positive tilbakemeldingar, også frå politifolk, seier Lyngbø.