Medan tidlegare undersøkingar lenge viste at kvar tiande vaksne nordmann hadde søkt alternativ behandling, spratt dette opp i 16 prosent i ei gransking Statistisk Sentralbyrå gjorde for tre år sidan. Omtrent på same tid kom ei spørjegransking med oppsiktsvekkjande resultat. Nesten halvparten svarte at dei hadde gått til alternativ behandling.

— Utvalet av personar og spørsmålsstilling tilfredsstiller faglege kriteria. Men målinga er vanskeleg å forhalde seg til fordi resultatet er så sterkt avvikande frå andre granskingar. Det er likevel ikkje tvil om at området er i vekst.

Aslak Steinsbekk forskar mellom anna på alternativ behandling ved Institutt for samfunnsmedisin ved NTNU i Trondheim. Han seier at den alternative behandlingsforma som aukar mest er massasje.

— Her snakkar vi om ulike former, frå rein massasje til aromaterapi og spabehandling. Spørsmålet blir då om dei som tek massasje gjer det for å få behandling eller for velvære.

— Kva med varme hender eller andre former for healing, er det også aukande?

— Det har vi ikkje gode nok data til å seie sikkert. I tidlegare målingar har rundt eit par prosent svart at dei har gått til healer.

Steinsbekk meiner det er blitt meir stovereint å søkje alternativ behandlar. Men i tillegg har undersøkingane blitt grundigare:

— Det blir stilt spørsmål om fleire behandlingsformer. Når spørsmåla blir konkrete, hugsar folk lettare kva dei har brukt.

Ifølgje Steinsbekk er det grovt sett to grupper som søkjer alternativ behandling. Den eine ser på det alternative som meir i tråd med deira syn på livet. Den andre gruppa er personar som føler at dei ikkje har fått hjelp av skulemedisinen.

— Den siste er størst, men den første er veksande.

-Kan alternativ behandling vere skadeleg?

— Normalt sett lite, men det betyr ikkje at skader ikkje finst. Vi har døme på det, nokre tilfelle har vore alvorlege. Men vanlegvis er det få biverknader av alternative behandlingsformer. Derimot er det godt dokumentert at enkelte alternative produkt kan endre verknaden av medisinar.