Det er ikkje dødsulukka på Husnes måndag kveld åleine som aktualiserer fotoboksar i Kvinnherad. Urovekkjande høge fartsmålingar over tid både på Husnes-stripa og i Folgefonntunnelen har fått vegvesenet til å vurdera ATK (automatisk trafikkontroll)-boksar i kommunen.

— Det er ingen tvil om at fotoboksar dempar lysta til å halda høg fart, seier avdelingsingeniør Arne Kleiveland ved Bergen distriktsvegkontor.

Inntil Bømlafjordtunnelen (E 39) nyleg fekk installert fire nye fotoboksar, har alle boksane i Hordaland til no vore reservert bergensområdet; 19 i Stor-Bergen og seks på stamvegstrekninga Trengereid - Voss.

I og rundt Bergen er det i år planar om to eller tre nye fotoboksar, ein i Fløyfjellstunnelens sørgåande løp, ein ved Fana kyrkje og ein på Sotravegen mellom Sotrabrua og Bildøy.

— Kvinnherad har også vore vurdert, men vi har ikkje trekt nokon konklusjon enno seier avdelingsingeniør Kleiveland til Bergens Tidende.

Samferdsleminister Torill Skogsholm har i år varsla ein storoffensiv for å aktivera fleire fotoboksar på norske vegar, og for innføring av digitale kamera. Ifølgje kjelder i vegvesenet er teknologien i digitalboksane enno ikkje tilfredsstillande.

Vegvesenet driv eigne fartsmålingar i tillegg til fotoboksane som politiet har tilgong til. I Bømlafjordtunnelen har vegvesenet målt bilar som køyrte i over 200 km i timen, i Folgefonntunnelen tett oppunder 200 km i timen.

Vegvesenet vil ikkje opplysa konkret om dei mest ekstreme fartsmålingane av frykt for å pirra konkurranseinstinktet blant fartssyndarane.

— Vi har registrert til dels stygg køyring i Folgefonntunnelen, og endå meir graverande i Bømlafjordtunnelen. I Fløyfjellstunnelen målte vi ein bil til 147 km i timen straks etter at fotoboksane kom på plass. Slike målingar er sjeldne i dag. Boksane har avgjort dempa farten. Då vi fekk boksar i Damsgårdsfjelltunnelen, gjekk gjennomsnittsfarten ned med 7 - 8 km i timen, seier Arne Kleiveland, avdelingsingeniør ved Bergen distriktsvegkontor.