Alt før nyttår blir dei to ferjesambanda i ytre delar av Sognefjorden lyste ut på anbod. I dag er det Fjord1 Fylkesbaatane som driv begge sambanda.

Til Bergens Tidende seier leiar for ferjeseksjonen i Statens vegvesen region vest, Eli Marita Vik Næss, at dei to sambanda blir lyste ut som ein pakke.

— Reiarlaget som får anbodet skal drive begge strekningane, opplyser Vik Næss.

Fleire rundturar

I trekantsambandet Krakhella - Rutledal - Rysjedalsvika blir det lagt opp til fleire rundturar enn før. Reisande til og frå Solund får dessutan fleire «direkteruter» mellom Krakhella og Rysjedalsvika.

Eit stykke på veg imøtekjem Statens vegvesen dermed den kraftige kritikken mot ferjetilbodet frå øybuarane. Sist denne kom fram var då ferja «Fjalir» gjekk på grunn tidleg i september. Denne ferja er ein av dei eldste i flåten til Fjord1 Fylkesbaatane, og ordførar Gunn Mongstad gjorde det klart at kommunen ville ha ei ny ferje.

I samband med grunnstøytinga kom det også fram at det ofte står bilar att på ferjekaien i Krakhella, ikkje minst om søndagane. Med ein ventetid på tre timar kravde kommunen fleire avgangar, anten i form av at det kjem to ferjer på sambandet, eller at det blir sett inn ei hurtigferje.

Fjord1 Fylkesbaatane som driv sambandet i dag, har overfor vegvesenet gjort framlegg om å bruke ei større ferje, men ikkje endre rutetidene.

For dyrt

Seksjonsleiar Eli Marita Vik Næss seier dei ikkje har gått med på kravet frå Solund om at dei anten får to ferjer eller ei hurtigferje.

— Vi går inn for at sambandet skal trafikkerast med ei konvensjonell ferje slik som i dag, seier Vik Næss.

— Kvifor ikkje setje inn ei hurtigferje, det ville vel vore ideelt på eit så langt samband?

— Hurtigferje er dyre å byggje. Så snart farten blir sett opp kjem dessutan strengare krav til tryggleik og større bemanning. Alt i alt blir det for kostbart.

I Solund skapte det dessutan sterke reaksjonar då Fylkesbaatane tok vekk kafédrifta om bord. Men vegvesenet kjem ikkje til å stille krav om servering når sambandet skal ut på anbod.

  • Vi ser det som vår oppgåve å sikre at dei reisande kjem seg fram. Servicenivået blir opp til selskapet som vinn anbodskonkurransen å avgjere, seier seksjonsleiaren.

Meir på natt

Også på det langt større sambandet mellom Lavik og Oppedal på E39 vil vegvesenet utvide kapasiteten. I det nye framlegget er det lagt opp til at det skal gå nattferjer alle dagar. Tidlegare har avgangane høgste natt vore sløyfa både laurdag og søndag.

— Det vi ser frå andre større samband der det er nattavgangar i helgane, er at det er ein god del vogntogtrafikk med desse avgangane, seier Vik Næss.

I tillegg blir det sett opp ein ekstra avgang frå Lavik klokka 04 med retur frå Oppedal 0430.

Framlegget frå vegvesenet er no ute på høyring. Når høyringsfråsegnene har komme inn, skal anbodsdetaljar som storleiken på ferjene avklarast før sambanda blir lyste ledige.