Det blir kalla «keisarsnitt på grunn av angst», når friske fødande ber om at barnet blir forløyst ved keisarsnitt.

I 2002 vart det utført 666 keisarsnitt ved Haukeland Universitetssykehus, viser tal som BT har henta inn frå SINTEF Helse. Dette er 22 prosent fleire enn i 1998.

På landsbasis har talet gått opp med 25 prosent i same periode, melder Dagens Medisin.

Ny pasientgruppe

Ei forklaring på auken var ei internasjonal studie, som konkluderte med at barn i seteleie burde forløysast ved keisarsnitt. Fleire norske sjukehus følgde rådet.

I tillegg ber stadig fleire friske gravide om keisarsnitt. Dette stadfestar seksjonsoverlege ved KK, Ingrid Borthen:

— Absolutt. Denne gruppa eksisterte nesten ikkje før, seier Borthen til BT.

— Kvifor vil dei ha keisarsnitt?

— Det er mange ulike grunnar, men mange har angst for smerten. Andre er redde for at barnet skal få skader.

- Tvingar ingen

— Får alle som spør keisarsnitt?

— For å seie det sånn: Vi tvingar ingen til å føde på normal måte. Men før avgjerda blir teken, har vi iallfall to samtalar med kvinnene på poliklinikken, for å klargjere årsakene til at dei ber om keisarsnitt, seier Borthen.

Talet på utførte keisarsnitt ved KK er no 12, 6 prosent.

— Dette talet varierer frå år til år. Nokon gonger kan det vere høgare, andre gonger lågare, seier Borthen.

- Skapt av helsevesenet

Også jordmor Signe Bjørnsrud i Jordmorhuset i Bergen har lagt merke til at fleire kvinner er redde for å føde.

— Dei er engstelege fordi dei har høyrt så mykje om kor vondt det er, og nokre er redde for å bli øydelagde nedantil. Det er helsevesenet som har skapt denne angsten, hevdar Bjørnsrud, som har arbeidd som jordmor sidan 60-talet.

— I dag blir gravide behandla som sjuke. Under heile svangerskapet blir dei målte og kontrollerte, og det er lite tid til samtale. Svangerskap og fødsel er ikkje lenger ein naturleg del av livet. Det er ikkje så rart om mange veljer keisarsnitt for å vere på den sikre sida.