37,5 klassar med 569 elevplassar er oppretta, medan 30,5 klassar — tilsvarande 423 elevplassar - vert lagde ned. Avgjerd om nedlegging av fire klassar med 47 elevplassar er utsett til seinare, skriv Fylkeskommunen i ei pressemelding.

Avgjerd om den planlagde klassen i trebåtbyggjing ved Norheimsund vidaregåande skule skal setjast i gang, eller fell ut, er utsett til fylkesutvalet sitt møte 19. mai. Og avgjerd om tre klassar ved Austrheim vidaregåande skule er utsett til nærare skulestart.

I fylkesutvalet sitt vedtak heiter det at ein i tida framover må arbeida vidare med tiltak som kan motverka at skuletilbodet på dei mest utsette skulane vert forringa. Alle verkemiddel fylkeskommunen rår over må sjåast samla og dei vidaregåande skulane må vere ein viktig medspelar i regional utvikling.