KRISTINE HOLMELID

Stadig fleire elevar ønskjer seg ei yrkesframtid innan helse— og sosialfag og byggfag. Det viser årets søkartal til vidaregåande opplæring i Hordaland.

Helse- og sosialfag er saman med byggfag vinnaren dersom ein samanliknar søkjartal og elevtal. Helse- og sosialfag har dei seinare åra blitt eit stadig mindre populært val for elevane. Men i år har trenden snudd.

Byggfag er det faget som har hatt størst auke i søkjartala, med ti prosents vekst. Mekaniske fag opplever også ein auke, det same gjer studieretning for medium og kommunikasjon og musikk/dans og drama. Her er det få studieplassar og høge poengkrav for å komme inn.

Mannlege meisterkokkar har i fleire år inspirert gutar til å velje hotell- og næringsmiddelfag. Men i år er det tydeleg at denne utdanninga ikkje er like attraktiv lenger. Først i juli får elevane beskjed om kva utdanning og skule dei har komme inn på.