VIDAR YSTAD

Det vil bli resultatet om ein av dei dømde, ein høgt profilert bergensadvokat som har anka til Høgsterett, vinn fram. Både aktor og forsvarar er samde om kva som faktisk har skjedd og at retten var feil samansett. Men dei er usamde om kva konsekvensar det bør få.

Frifinning i sex-saker

Advokat Trygve Staff, som representerer den dømde bergensadvokaten, hevda i Høgsterett i går at feilen ved samansettinga av retten er så alvorleg at dommen må opphevast.

To av dei sju sakene frå Gulating, begge jurysaker som galdt seksuallovbrot, har enda med frifinning, opplyser statsadvokat Jarle Golten Smørdal til Bergens Tidende.

Han prosederte i Høgsterett i går på at feilen som har skjedd ikkje er så alvorleg at det bør leie til oppheving av dommane. Han la ned påstand om at anken blir forkasta.

— Men dersom dommen i denne saka blir oppheva, vil vi måtte ta opp igjen dei fellande dommane. Dei to frifinnande dommane, reknar vi som rettskraftig avgjorde, seier Smørdal.

Ein av dei andre dommane, også det ei sak som gjeld seksuallovbrot, står for Høgsterett. Saka skulle ha vore oppe, men vart utsett til i desember, etter at feilen med samansettinga av retten vart oppdaga i september.

Feilt utval

Feilen er at ein av dei fire meddommarane i lagmannsretten, ikkje var valt som meddommar til lagmannsretten, men til tingretten. Den eine meddommaren som ved ein feil vart uttrekt til lagmannsretten, stod på ei liste med seks namn valt av kommunestyret i Fjaler. Dei var alle valde som meddommarar til tingretten. Men ved ein feil i Domstoladministrasjonen vart dei lagt inn i databasen som Gulating lagmannsrett trekkjer meddommarar frå.

Ugild lagmann?

Forsvararen hevdar også at lagmannen som administrerte straffesaka mot bergensadvokaten var ugild, av di vedkomande lagmann hadde vore med på å behandle anken frå advokaten over dommen i tingretten (ankesiling). Lagmannen kom til at delar av anken «openbert ikkje kunne føre fram».

Forsvararen meiner difor at lagmannen hadde teke stilling til viktige sider av saka.

Dette blir sterkt avvist av påtalemakta.

Det er atskilleg rettspraksis frå Høgsterett for kva konsekvensar det skal ha at retten ikkje har vore rett samansett. Men Høgsterett har ikkje tidlegare behandla spørsmål som er identiske med dei som er tema i den aktuelle saka.

«Støytande»

Statsadvokat Smørdal hevda i Høgsterett at det vil verke støytande om dommen blir oppheva og saka behandla på nytt. Han argumenterte med at det vil vere ei stor påkjenning for dei fornærma i saka om dei må møte i retten på nytt. Han appellerte til Høgsterett om at retten måtte ta omsyn til dette.

Smørdal hevda også at det vil verke støytande om ein som er misnøgd med eit domsresultat gjennom energisk innsats kan oppnå at ein dom blir oppheva og få saka prøvd på ny.

Smørdal hevda at dersom feilen ved urett samansetting av retten skulle reknast som absolutt opphevingsgrunn, ville det føre til at ein også må oppheve frifinnande dommar.

Kritikk mot retten

Smørdal hevda at Gulating lagmannsrett ikkje kunne lastast for feilen som har skjedd.

Det fekk advokat Staff til å reagere. Han hevda at Gulating lagmannsrett ikkje hadde fylgt reglane i domstollova om handtering av innmelde valde meddommarar. Hadde ein det gjort, ville lagmannsretten lett ha kunna konstatere at retten var blitt feil samansett. Han viste også til at lagmannsretten hadde hatt all oppfordring til å kontrollere samansettinga av retten, etter at den tidlegare forsvararen, Tor Erling Staff, hadde reist spørsmål ved samansettinga av retten i juni.

STORE KONSEKVENSAR: Statsadvokat Jarle Golten Smørdal hevda i Høgsterett i går at dersom feilen ved urett samansetting av retten skulle reknast som absolutt opphevingsgrunn, ville det føre til at ein også må oppheve frifinnande dommar.<p/>ARKIVFOTO: BJØRN ERIK LARSEN