Stryningane frykta det verste då det slo til med rekordvarme i helga, og Norges vassdrags— og energidirektorat sende ut varsel om høg vassføring.

— Det var veldig spennande lenge. Men no er vasstanden redusert. Vi håpar å vere er over det verste, seier Randi Ommedal på Kleivenes Camping til Bergens Tidende.

Torsdag kveld stod nesten halve campingplassen under vatn, og campingvogner måtte flyttast. Også i nokre av hyttene var det fare for at vatnet skulle trengje inn. Men ved hjelp av sandsekker og pumper greidde dei å halde stand.

— Det fungerte eigentleg veldig godt, fortel Ommedal.

På campingplassen ved Nerfloen, eit mindre vatn mellom Strynevatnet og Stryneelva, målte dei torsdag ettermiddag høgaste vasstanden sidan flaumen i 1973. Og då det heldt fram med temperaturar tett opp under 30 grader både fredag og laurdag, var det mange som var redde for at avsmeltinga frå dei veldige snømengdene på Strynefjellet skulle gje storflaum.

— Fleire var i ferd med å få vatn inn i kjellarane sine, og mange bøar var overfløymde. På ein eigedom i bygda fløymde vatnet inn over heile innkøyrsla, fortel Ommedal.

Ho trur sterk vind torsdag førte til ekstraordinært stor snøsmelting den dagen. Då vinden stilna, blei det mindre smeltevatn, sjølv om temperaturen gjekk ytterlegare nokre grader opp.