— Dette blir som å velja mellom pest og kolera, sa ordførar Øivind Olsnes då Vaksdal kommune for nokre dagar sidan fekk overrekt flaumkart for Bergsdalsvassdraget.

— Unngår du flaumfaren, så kjem du inn i rasfarleg område, så trongt som det her er mellom fjella, seier Olsnes.

Trøysta får vera at det er enda verre i Lærdal. Der finst det knapt eit hus som unngår ein hundreårsflaum, og samstundes står på trygg avstand frå rasfarlege fjellsider, fortalde delprosjektleiar Siss-May Edvardsen i NVE, region Vest.

Ho vedgår at ein hundreårsflaum på Dale kan gje store materielle skader, men er ikkje livsfarleg for andre enn dei dumdristige.

— Du ser at elva stig, og at vatn fløymer inn i kjellarar, men du har tid til å redda deg unna, forsikrar ho.

I fylgje sivilingeniør Inge Lavoll har NVE brukt ressursar på nær ein halv million kroner på å laga kartet med tilhøyrande tabellar og bruksrettleiing. For kommunen er det eit gratis verkty til arealplanlegging og byggesakshandsaming. Her er lagt inn scenariar for flaumar av ulik styrke.

Men «verktyet» tek ikkje høgde for hyppigare og kraftigare regnskyll grunna global oppvarming, eller at demningen i Storefossen ryk. Då kan mangt bli vaska på vågen.