Robert Delis og John Kleveland takkar og bukkar og rosar arrangørar som står på og lagar liv i Leirvik sentrum. Begge er eintydige i sin dom. Sist helg med Før no-festival var fantastisk. – Heilt fantastisk. Ei av dei beste helgene me har hatt, seier Kleveland i Tapperiet. Club Delis og Kontoret heng seg på rosen.

– All ære til dei som arrangerer festivalar, seier Robert Delis og påtek seg å uttala seg på vegner av alle utestadene i Leirvik.

Delis legg til at det er ikkje berre fordi det aukar omsetnaden.

– Det er fordi det får Leirvik til å blomstra, seier han.

Også lenger oppe i gata, hos Frugård, har det vore ei god helg. Her er det først og fremst gjestene frå revyteltet som lagar liv når dei kjem innom.

– Og det gjekk livleg for seg i helga, stadfestar Nils Skaathun.

Kjekt i hagen

– Merkar de auke i sal av øl når det er varmt?

– Det hjelper sjølvsagt. Vert det ein veldig bra sommar er folk villige til å gå ekstra mykje ut, seier Kleveland. Likevel kan det vera romsleg på utebenkene ein varm sommardag på Leirvik.

– Har de gjester på uteborda som forventa i varmen?

– Det hadde jo vore plass til fleire, seier Robert Delis og meiner det kjem av at Stord ikkje er så store byen. Han trur at verste konkurrenten til utebransjen i varmen er strandliv og hageliv. Folk kosar seg i hagen.

– Men folk er hjarteleg velkomne ut, helsar Robert Delis. Også dette på vegner av alle utestader i Leirvik. No håpar han at sommarvret held seg to veker, til utekonserten med Vamp på kaien.

Ein brite med pint

Britiske Chris Irvine er ein av få som koste seg med øl i varmen måndag ettermiddag, om lag på den tida då temperaturen var på det høgaste, 29,5 grader.

Han har fri frå jobb og nyt dagen på Stord, der han har arbeidd tidlegare.

– Herleg å nyta eit glas øl i varmen. Det er kjekt å vera her på Stord, smiler han.

Per Egil Larsen