— Det er ubehageleg å få slike overraskingar no, vedgår direktør Runar Paulsen i Brude Safety AS i Ålesund, selskapet som har levert flåtane.

Feilen vart oppdaga i to testar i løpet av jula - den siste om bord på M/F «Stavangerfjord» i romjula, ved kai på Aker Yards-verftet i Brattvåg.

— Kvar ferje har fire flåtar med plass til totalt 600 mann. Flåtane er pakka i eit skal. Når skalet råkar sjøen, skal det opna seg, og flåten falda seg ut. Her har me fått eit problem. Me håpar å få retta på dette ved hjelp av små justeringar. Blant anna ved å pakka flåtane på ein litt annan måte, seier direktøren.

Tidsklemme

Etter den nedslåande øvinga mellom jul og nyttår beordra Sjøfartsdirektoratet ein ny test. Den skulle etter planen gått av stabelen i Brattvåg i går. Men då oppstod det nok eit problem.

— Det har oppstått ein mekanisk feil ved flåten, denne gongen av litt anna art. Dermed så har me ikkje fått løyst problemet. Me satsar på å få til ei ny øving i løpet av onsdagen, opplyser Paulsen.

Han avviser blankt at det er flåtane det er noko gale med.

— Me har levert denne flåtetypen til 100 norske farty. Dette er første gong me har opplevd problem. Og eg må seia at det forundrar meg. Truleg er det tilpassinga mellom flåtar og farty som ikkje sit 100 prosent. Eg kryssar fingrane for at det berre er mindre korrigeringar som skal til for at ting skal fungera optimalt.

- Udramatisk

Det er berre fem dagar til M/F «Bergensfjord» skal setjast i drift - som den første av dei fem ferjene - i sambandet Sandvikvåg - Halhjem. Paulsen har likevel tru på at ein skal greie å halde tidsskjemaet.

— Likevel vil eg understreka at me tek problema på alvor. Det me leverer må tilfredsstilla krava, seier han.

Også viseadministrerande direktør Svein Solheim i Fjord 1 er optimist.

— Det stemmer at flåtane ikkje oppfører seg etter regelkravet. Me er ikkje nøgde med måten dei opnar seg på i sjøen. Men dette er udramatisk og noko me vil få løyst, seier Solheim.

- Tabbe

Likevel kjem nok dei mislukka flåteøvingane som alt anna enn bestilt for Solheim. Fjord 1 sitt ferjeprosjekt har slite med store produksjonsforseinkingar. Og på tampen av fjoråret kom det for ein dag at milliardfartya ikkje passa saman med ferjekaiane.

— Nokon har gjort ein tabbe, uttala prosjektleiar Rune Sandven i Statens vegvesen den gong.

Kaiane er no justerte, men ikkje utan ytterlegare forseinkingar. Alle dei fem ferjene skulle ha vore sette i trafikk 1. januar. Fire av fartya vil rett nok koma i drift i løpet av denne månaden - deriblant dei tre som skal setjast inn mellom Halhjem og Sandvikvåg. Den femte og siste ferja vil truleg ikkje bli sett i drift før ut i februar månad.