Folk saknar ikkje den dundrande tungtrafikken som kom ned til bygda med skrikande bremser frå Røldalstunnelen og sleit seg opp att mot Haukeli med kvinande motor.

No er tungtransporten ute av syne. I tunnelar høgt over Røldalsbygda glir trafikken fram og attende mellom aust og vest og sparer både tid, kilometer og diesel samanlikna med «gamle» dagar.

Denne visjonen finn vi att i KU for Jondalstunnelen. Der ser Statens vegvesen heilt austover til Oslofjordområdet. Med lettare veg over Haukeli og innkorting gjennom Telemark får vi eit aust-vest-samband med kortare reisetid enn sambanda lenger nord

Store innsparingar

Ein av dei som sterkast har vore fram denne visjonen er rådgjevande ingeniør Johannes Sørli på Stord. Til liks med vegvesenet ser Sørli store innsparingar for næringslivet ved alt som kan sparast av tid og drivstoff på ein flatare profil over Haukeli. Men han er djupt frustrert over korleis alt trekkjer i langdrag med planlegging og utbygging.

— Fordi vi manglar ein effektiv infrastruktur, vert næringsliv og folk flest påført milliardar i ekstrakostnader kvart år. Vi står langt attende i høve til resten av Europa, som vi skal konkurrera med, seier Sørli til Bergens Tidende.

To tunnelar

— Det er ikkje mangel på dugande fagfolk som er årsaka. Men dei får knapt nok pengar til å halda ved like dei vegane vi har. I tillegg legg særinteresser stadig vekk hindringar i vegen.

I ei utgreiing han har laga i samarbeid med Haugaland industri- og næringsforeining skisserer Sørli ein 10 kilometer lang tunnel frå Seljestad sør for Odda til Valldal, derfrå ein nesten like lang tunnel til Piparsteinen på 1000 meter over havet.

— Med denne løysinga vert Haukeli lågare enn Filefjell og truleg like sikker om vinteren, seier Johannes Sørli.

n Pris for visjonen om tunnelar Seljestad-Haukeli: 1 milliard kroner.