Ein sommardag for halvtanna år sidan, 22. juli for å vera presis, sende Sara Boge (6) ut ein av sine årvisse flaskepostar frå kaia heime på Stanghelle. I plastflaska, som ein gong hadde romma ein og ein halv liter brus, låg ei kombinert bursdags— og juleønskeliste.

Flaska duppa bedageleg i fjorden før ho til slutt stranda i ei fjære i Bruvik på Osterøy. Ei sjøreise som strengt tatt ikkje er noko å skriva heim om i våre dagar. Men, og det er eit men i denne historia: Det er ikkje alle flaskepostar som vert plukka opp av sjølvaste nissen.

Hjelp frå samvirkelaget

Det var nemleg Svein Høylo, praktiserande nisse sidan 1996, som var og rydda i noko rekved i fjæra. Han var åt setja fyr på rusket, då den kvitskura flaske stakk fram frå haugen.

— Og inni flaska låg eit brev frå deg, Sara, fortel Svein Høylo til flaskepostsendar Sara. I går troppa nissefar opp i eigen person for å treffa Sara. Med seg hadde han resten av nissefamilien, nissemamma Maryan Georgsdotter Mundal og nisseborna Inger Lise og Geir Martin.

Houvpersonen visste ikkje om besøket, men foreldra Kjell og Berit Boge var informerte på førehand. Det måtte først litt detektivarbeid til for å lokalisera avsendaren til flaskeposten. Ho hadde avslutta brevet kort og greitt med «Eg bur på Stanghelle».

Men nissar er som kjend ikkje tapt bak ei låvedør, og Svein Høylo bestemte seg for å finna fram til denne Sara som bur på Stanghelle. Og skal ein orientera seg i ein liten vestnorsk tettstad, kva er vel meir naturleg enn å byrja på samvirkelaget?

På samvirkelaget på Stanghelle var det hjelp å få. Dei visste om ei Sara, som kunne vera på den alderen, og Svein Høylo fekk namnet til den aktuelle familien.

Brev frå heile klassen

— Først vart eg litt overraska då ein framand ringde og spurde om eg hadde ei dotter som heitte Sara. Eg hadde forstått det betre om det gjaldt ein av dei andre ungane, seier Kjell Boge. Familien tel tre tenåringar i tillegg til attpåklatten Sara.

Men det var altså Sara det gjaldt. Ho som eigentleg ikkje trudde flaskeposten skulle koma fram, har no stova full av beviset på det motsette. Seksåringen tek likevel besøket med stoisk ro. Det er nesten som ein skulle tru ho hadde nissefamiliar på døra kvar dag. Det vert til og med tid til ein liten guida tur til rommet med nissebror Geir Martin. Men Sara er raskt attende i stova og kryp tillitsfult opp i fanget på nissemor Maryan.

Øvst på ønskelista

Seksåringen er ikkje heilt ukjent med nissefamilien frå Ytre Arna. Ho fekk brev og bilde frå dei for ei tid tilbake, der dei takka for flaskeposten. Brevet vart motteke med stor begeistring, og sjølvsagt meddelt klassen på Stanghelle skule. No har heile klassen sendt brev til nissen. Eit kommunikasjonsmiddel nissefar anbefaler framfor risikosporten flaskepost.

— Eg svarer på alle brev så sant eg klarar å identifisera avsendaren, seier Høylo.

Etter besøket på Stanghelle skal han og resten av familien vidare og halda Juleshow på Øyrane Torg. Men før familien gjev seg nisseriet i vald får Sara overrekt ei gåve med streng beskjed om at ho ikkje skal opnast før på julaftan.

Gåva er lang og flat, og ikkje heilt lett å bli klok på. Ein ting er likevel sikkert, det er ikkje det som stod øvst på ønskelista Sara sende frå seg i 2005. Det var nemleg hest i hagen.

ODDLEIV APNESETH