Berre flaksen redda den for tidleg fødde kalven frå ein sikker død. Arne Klette kom tilfeldigvis forbi kua Esperanza og den nyfødde kalven hennar i nærleiken av stølen Moldalia i Raundalen. Bonden, Arne Rykke, vart varsla og var på plass med ei provisorisk kuvøse av pledd og ulltepper i løpet av eit par timar.

— Eg var sikker på at vi skulle missa kalven. Då eg løfta han, kjendes det som om ribbeina skulle brotna, seier Rykke til Bergens Tidende. Fødselsvekta låg mellom sju og åtte kilo.

Heime på Rykke, like aust for Voss sentrum, er kalven fora opp med tåteflaske av bonden si dotterdotter Guro Rykke Antonsen og faren hennar, Atle. I går var kalven komen såpass mykje til krefter at første kalvedansen var eit faktum.

— Dette er reine eventyret, og vi har døypt kalven for Haugtussa. Med Arne Klette som fadder, sjølvsagt, seier Rykke.

Han har tidlegare mist ein for tidleg fødd kalv i same fjellområdet. Då gjekk det tre dagar frå kalven vart fødd til han vart funnen. Kua hadde ikkje lea seg av flekken, men stod over den døde kalven sin heilt til folk kom til.

Haugtussa er av blandingsrase. Esperanza er ei NRF-ku, inseminert med arvestoff frå Norsk Fjordafe på Strilelandet, fortel Rykke.