PER MARIFJÆREN

Vegen vart i si tid bygd på midlar frå det amerikanske kunstnar-ekteparet, og levde fullt opp til dåtidas standard. Men ettersom tungtrafikken og særleg turisttrafikken har eksplodert dei siste tiåra, er dei siste ni kilometrane mellom Innvik og Olden i Stryn blitt sjåførens mareritt.

Skremmer turoperatørar

— Målt mot trafikkmengd er dette den vegen som har dårlegast standard i Norge. Turoperatørar i utlandet åtvarer folk mot å komme hit, og det finst sjåførar som nektar å køyre her, sa leiar i vegnemnda for riksveg 60, Johanna Nygjerd.

Iført den flotte, fjærbestykka hatten som fru Singer hadde på seg under vegopninga i 1936, stod Nygjerd i bresjen for den folkelege markeringa av «skammens veg». Med korpsmusikk, folketog, veteranbilar og hestevogn reiste prosesjonen på den ekstremt svingete, uoversktlege og smale vegstrekninga.

— Det er uforståeleg at ikkje rike Norge kan sjå seg råd til å bruke 150 millionar kroner på dette vesle stykket av ein så viktig veg, meiner Nygjerd. - Etter Bergen er Stryn den største reiselivskommunen på vestlandet, og denne vegen skremmer vekk turistane.

Mest glad i nye vegar

Men ifølgje vegsjef Lars Lefdal vil ingenting bli gjort med denne vegstubben før i år 2010, dersom politikarane fastheld dagens prioriteringar. Som alltid i slike situasjonar kan vegsjefen vise til at det er politikarane, og ikkje hans eigen etat, som styrer pengesekken.

— Det er typisk at politikarane er meir glad i å prioritere nye vegar, framfor å vedlikehalde og oppruste dei som vi allereie har, sa Lefdal i sin tale. - Sjølv skulle eg ønskt at midlane var på plass, slik at vi kunne starta på denne utbetringa i morgon.

Lefdal rår aksjonsgruppa til å konsentrere seg om å arbeide mot politikarane i forkant av prioriteringane for perioden 2006 til 2015.

— Vi i vegnemda kjem no til å klistre oss på dei politikarane som skal bestemme dette, heilt frå strtinget til fylket, forsikrar Nygjerd.

Så står det att å sjå om politikarane lyttar til det lokale kravet om å fjerne flaskehalsen på det som er noko langt meir enn ein lokal veg. Ein veg samfunnet i si tid fekk på pur velvilje frå ein eksentrisk kunstnar, men ikkje ser seg råd til å oppruste til dagens standard.

I VELGJERARENS KLEDE: Egil Solheim (til venstre) stillte på folkemøtet i dressen som Singer hadde på då han i 1936 opna vegen. Vidare frå venstre ein blid vegsjef Lars Lefdal, som ikkje får gjort noko utan pengar frå politikarane, ein uniformert ordførar Nils Petter Støyva, Frp-politikar Lars Svein Drabløs, aksjonsleiar Johanna Nygjerd - på hovudet iført fru Singers Paris-kreasjon frå 1936 - og heilt til høgre skimtar vi fylkesordførar Nils R. Sandal, med fortid som trailer- og bussjåfør.

FOLKEMARKERING: Den smale vegen pluss turismen gjer at turen Olden-Innvik tar lengre tid å køyre sommar enn vinterstid. I går viste lokalsamfunnet at dei har fått nok. Vi er fortvila over situasjonen, sa aksjonsleiar Johanna Nygjerd.
Foto: Oddleiv Apneseth