Auken frå 2005 er formidable 61.000 og vel så det, eller om lag 13 prosent.

I løpet av dei ni siste åra har trafikken vakse med meir enn 200.000 reisande.

Nominasjonen til UNESCO si verdsarvliste har gjort området rundt Flåm og Nærøyfjorden meir vidkjent enn nokon gong. I år har ein hausta frukter av at området faktisk fekk plass på denne prestisjetunge lista, og at ekspertpanelet til National Geographic Traveller to gonger har stemt Vestlandsfjordane til topps.

Togselskapet Flåm Utvikling har også lykkast med å utvida sesongen til vår og haust, og kanalisera litt av trafikken til morgon og kveld. Både Flåmsbana og rundturen «Norway in a nutshell» går heile året, men det er midt på dagen om sommaren toga er fylt til trengsel.

Trafikken på Flåmsbana låg i overkant av 100.000 reisande frå 1950 til seint på 60-talet. Med rundturen som «motor» dobla passasjertalet seg i løpet av 70-talet. Falklandskrigen gav ein stygg svikt i 1982, men så gjekk kurven rett til vêrs fram mot OL på Lillehammer i 1994. Det året reiste 379.265 med Flåmsbana.

Deretter gjekk det unnabakke til banestrekninga vart privatisert i 1997. Sidan har det gått brattare oppover enn nokon gong, frå 333.287 i 1997 til tett oppunder 536.500 i 2006.