Resultatet for 1. halvår er 132.431, og det er over 7000 fleire enn i 1. halvår i fjor.

— Hadde det ikkje vore for 11. september, så hadde vi passert 400 000 i fjor alt. Men då stoppa vi på 398 000, opplyser dagleg leiar i driftsselskapet Flåm Utvikling, Olav Lühr, til bt.no.

— Kor lenge har denne framgangen for Flåmsbana halde på?

— Alltid! Vi har aldri hatt anna enn framgang sidan Flåm Utvikling kom i gang i 1998, seier Lühr.

— Men de treng ikkje vera redde. Vi har god plass på toga våre framleis. Vi kan frakta 11.000 passasjerar på ein dag, men gjennomsnittet ligg enno ikkje høgre enn ca. 6000 for dagen, seier Olav Lühr.

Flåmsbana slår alle rekordar.
Foto: Helge Sunde