Forklaringa ligg i krigsutbrotet. Den 20 kilometer lange jernbanestubben, med 20 tunnelar i bratthenget, tok det 20 år å byggja. Med byggjestart i 1920.

Det vart hevda at ein tysk general var med på første turen i 1940, men slik markering hjå okkupasjonsmakta vart i ettertid ikkje rekna som verdig opning av ein jernbane. Difor vart offisiell opning lagt inn som eit ekstra PR-stunt ved 40-årsjubileet i 1980.

Høgtid NSB sin distriktssjef i Bergen, Per Engen, heldt tale på Flåm stasjon, og Ola M. Hestenes (1919-2008), fylkesordførar i Sogn og Fjordane, klipte snora. Heile Flåmsbana, og litt av Bergensbanen, ligg som kjent til Sognekommunen Aurland.

Snora vart strekt mellom to utstillingsdokker, oppdressa i NSB-uniformer.

— Ein snodig idé, vedgår Marit Petersen i NSB 30 år etter. Ho var med i tilskipingsnemnda og pynta tog med flagg og bjørk til langt på natt.

- Kven fann på slikt?

— Paul Bakke, utan tvil. Han var full av slike påfunn, og hadde regien på denne markeringa.

Tonar ned

— Vi har ikkje leigd inn utstillingsdokker, men pyntar toget og kler oss sjølve opp i t-skjorter som er laga for høvet, seier Cecilie Borge i Flåm Utvikling, selskapet som har hatt ansvaret for Flåmsbana sidan privatiseringa på 90-talet.

Ho legg vekt på at det er større grunn til å jubilera om fem år. 75 blir rekna som eit «rundare» tal.

— Då må vi slå til med ei storstilt markering, seier Borge, samstundes som ho vonar folk tek turen til Flåm i helga.

Dei startar opp med 70-talsparty på Fretheim Hotell laurdag kveld, og held det gåande med jubileumsaktivitetar heile sundagen.

15 millionar reisande

Ved 70-årsjubileet sundag 1. august vil talet på passasjerar ha passert 14,8 millionar sidan teljinga kom i gang sommaren 1942. Det faktum at NSB sin statistikk ikkje femner om dei to første åra, kan ha samanheng med at tyskarane brukte Flåmsbana som rein godsbane den første tida. Heilt passasjerfritt var det likevel neppe.

— Vi skulle ha gode sjansar for å kunne kåra passasjer nummer 15.000.000 i løpet av denne hausten, seier Cecilie Boge.

Ho kan skryta av gode trafikktal i år, enkelte månader med fleire reisande enn nokon gong. Men å slå rekorden frå toppåret 2007, med 582.826, torer ho ikkje lova enno.