Så tidleg som 26. september i år passerte passasjertalet 400.000 sidan årsskiftet. At denne milepælen skulle nåast i år, var ikkje opplagt. Også Flåmsbana merka nedgang etter 11. september i fjor. No er prognosen for passasjertalet i 2002 tett oppunder 415.000.

— Vi passerer neppe 415.000, men det er ikkje langt unna. I romjula er det svært få som reiser med Flåmsbana, seier Sivert Bakk i Flåm Utvikling til Bergens Tidende.

Eit ekstra turistskipsanløp hadde vore nok til å passera det magiske talet på 400.000 reisande i fjor.

Tal-fokus

Kritikarar påstår at dei ved Flåmsbana tenker meir på trafikktal enn passasjerane sitt ve og vel. Men det går Sivert Bakk slett ikkje med på. Fleire tiltak står for tur, men produktet er kontinuerleg under utvikling, seier han. Og det er ikkje huldrene i Kjosfossen han nemner først.

— Eg synest vi har gjort ein veldig god jobb med å spreia trafikken på fleire togavgangar. Kaoset frå 1996 med 200 ståplassar på eitt tog, og japanarar som stod som sild i tønne i godsrommet medan det neste toget gjekk nesten folketomt, har vi fått bukt med. Men det krev ein god del arbeid, seier Bakk.

— Kva er oppskrifta?

— Vi må ringa og få greie på kor mange som er med kvart einaste tog på Bergensbanen med billett til eller frå Myrdal. Deretter må vi overtala passasjerane frå cruisebåtane i Flåm om å ta rette toga opp til Myrdal eller Vatnahalsen og ned att. Dei innser etter kvart at dei ikkje treng ta det første toget, og risikera «kollisjon» med rundreisepassasjerar, når cruiseskipet likevel ligg ved kai i åtte timar, forklarar Bakk.

Ventetida for ei trengselsfri togreise har vore opp til to timar i Flåm i sommar.

Nyttige tal

Trafikktala på Flåmsbana har lenge vore omfatta med stor interesse. NSB brukte tala lenge i argumentasjonen får å få bana nedlagt. Men Vossa-oppfinninga «Norway in a nutshell» heldt trafikktalet oppe. Då turistane frå Vossahotella tidleg på 70-talet fekk følgje av passasjerar frå Bergen og seinare frå Oslo, vart rundturen med tog, båt og buss reine klassikaren. Og då passasjertalet på Flåmsbana passerte 200.000, rekna NSB-direktørane kjapt ut at her var det ti millionar kroner ekstra å henta årleg ved å auka billettprisane med ein femtilapp.

Den eventyrlege oppgangen frå 1982 (Falklandskrigen) til OL på Lillehammer i 1994 gav nye rekordar nesten kvart einaste år. Men ingen tre veks inn i himmelen. Dei tre første åra etter OL gjekk det nesten like bratt nedover att, og planane om privatisering vart høgaktuelle.

Etter varselet om nedlegging av nattoget frå 1. januar 1998 overtok Flåm Utvikling As drifta av Flåmsbana. Sidan har det gått oppover att. Og direktør Olav Lühr satsar på å hente turistar frå Japan, Korea og Singapore. Etter 11. september 2001 går ikkej salsturane vestover lenger.

Raumabanen neste

Også Raumabanen frå Dombås til Åndalsnes, avstikkaren frå Dovrebanen, vil no prøva med privatisert drift. Dei har fått råd og vink frå Flåmsbana med på ferda.

— Vi ser ikkje på dei som ein konkurrent. Til det er Romsdalen for langt unna, seier Bakk.

— Vil Raumabanen kunne lykkast like godt som Flåmsbana?

— Det er veldig vanskeleg å seia. Dei vil satsa på cruisepassasjerar slik som vi, men eg veit ikkje korleis det er å få til gode rundturar. Buss og tog går nesten heilt parallelt. Du opplever det same frå togvindauget som frå bussvindauget. Det kan vera ein ulempe, seier Sivert Bakk.

I AUSTERVEG: Etter 11. september 2001 satsar Flåmsbana på å hente turistar frå Japan, Korea og Singapore i staden for amerikanarar.<p/> ARKIVFOTO: ROAR CHRISTIANSEN