Bondelaget hadde markeringar i heile landet i går kveld og rekna med at mellom 1.000 og 2.000 bål brann i protest mot eit WTO-framlegg dei meiner vil slakte norsk landbruk. På Voss tjuvstarta Hordaland Bondelag si markering ved 12-tida.

Statsråd Sponheim lovde å stå på for norsk landbruk i tingingane om internasjonale handelsreglar for landbruksprodukt.

Leiaren i Hordaland Bondelag, Nils T. Bjørke, gjorde sitt for å få opp temperaturen på frosen mark ved Voss Jordbruksskule i Skulestadmo. Han brukte framlegget frå WTO-sekretariatet (Verda sin handelsorganisasjon) til å få kveikt bålet.

— Dette dokumentet egnar seg ikkje til anna enn opptening, proklamerte han.

For å vera på den sikre sida, dynka han papiret godt med bensin.

— Når stor fare trugar, har vi tradisjon for å brenna varde her i landet. Vi vil gje klar melding til Regjeringa; dei må ikkje stå med lua i handa, men trykka på for å få levelege vilkår, sa bondelagsleiaren.

Det kunne Sponheim lova. Fleire land har funne framlegget frå WTO-sekretariatet uakseptabelt. Det vil ikkje berre radera ut norsk landbruk fullstendig, men også det franske. Og ei rekke andre europeiske land får landbrukskrise. Dei har no forlangt endringar før dei er villige til å gå i gang med forhandlingar, opplyste statsråden.

— Den norske posisjonen står lengst unna WTO-framlegget, og Regjeringa vil i tråd med Sem-fråsegna arbeida for ein internasjonal avtale nærast mogeleg det norske synet, sa Sponheim.

Han samanlikna arbeidet med å koma seg gjennom ein lang og mørk tunnel. Det blir ikkje lett å få til ordningar som norsk landbruk kan leva med. Sponheim åtvara mot lokal småkiving, og bad bøndene samla seg mot det store internasjonale trugsmålet - kraftige kutt i tollsatsane og statsstøtta.

Frammøtet til tilskipinga gav neppe grunn til optimisme. Langt fleire har delteke i tidlegare mønstringar. Mange som Bergens Tidende fekk i tale ved jordbruksskulen i går, ser verkeleg svart på situasjonen, og trur at bøndene alt har resignert. Krav om import av billegare mat står sterkare hjå forbrukarane enn gårsdagens parolar, deriblant «Norske bygder kan ikkje importerast».

Ordførar Bjørn Christensen kunne legga fram tal som viser at gardsbruk på Voss vert lagt ned i akselererande fart. Han ottast for landbruksnæringa si framtid og manglande vedlikehald av kulturlandskapet, noko som verkar negativt på reiselivet, ei anna viktig næring for indre strok av Vestlandet. Knut Blikberg i Gjensidige fortel til Bergens Tidende at stadig færre løer vert haldne fullverdiforsikra. Driftsbygningar til tre-fire millionar kroner vert forsikra for ein halv million, nok til å rydda tomta og bygga eit reiskapshus dersom det skulle brenna. Framtidsutsiktene tilseier ikkje vidare satsing.