• 1960: Stavangerske og Sandnes Damp set inn hydrofoilbåten "Vingtor"i rute Stavanger-Bergen i sommarhalvåret. Reisetid: 3 timar og 30 min.
  • 1973: HSD inn som partnar i ruta.
  • 1972: Får lov å ta passasjerar også mellom Sunnhordland og Bergen.
  • 1974: Under namnet Flaggruten startar HSD, Stavangerske og Sandnes Damp 1. juni ruta med tre katamaranbåtar, "Vingtor", "Sleipner" og "Draupner".
  • 1990: HSD doblar eigardel i ruta til 50 prosent.
  • 1991: HSD kjøper Stavangerske sin andre halvpart i ruta for 30 mill. kroner
  • 1993: HSD med i firepartsamarbeidet Kystbussen som konkurrent til Flaggruten frå 1. juni. Ny "Vingtor" inn i ruta.
  • 1998: Flaggruten når sitt passasjermessige høgdepunkt med nær 500.000 reisande. Nye "Sleipner" og "Draupner" til 107 mill. kr under bygging i Australia.
  • 1999: "Sleipner" havarerer ved Ryvarden, 16 menneske døyr.
  • 2000: Passasjertalet fell med 25 prosent og HSD tapar ein million kroner i månaden.
  • 2001: HSD vurderer nedlegging av ruta etter nær halvert passasjertal frå 1998. I alt 279.000 passasjerar.
  • 2003: Avvikling av Flaggruten på ny vurdert i HSD.
  • 2006: Supplementruter til usubsidierte Flaggruten i Sunnhordland og Rogaland ut på anbod.
  • 2007: Tide Sjø (eks-HSD) sel "Draupner", ulukkesråka "Sleipner"s søsterskip.
  • 2010: Tide opererer Flaggruten med katamaranane "Tideadmiral" (ny i 2010), "Tidebris" (2002) og "Tyrving" (2002). Reisetid Bergen–Stavanger: 4 timar og 30 min.