Norled innstilte første avgangar i dag tidleg med Flaggruten frå både Bergen, Stavanger og Haugesund grunna vêrforholda. Også morgonruta frå Sunnhordland til Bergen blei innstilt.

Alle Sunnhordland snøggbåtruter blei av selskapet meldt innstilte i halv ni-tida fredag. Også deler av Norleds ferjerute til Fjelberg i Kvinnherad blei innstilte.

Huglo utan straum

Fredag føremiddag er det framleis storm i kasta og snøbyger i Sunnhordland. På øya Huglo i Stord kommune var dei om lag hundre husstandane utan straum frå om lag klokka 8.30.

Haugaland og Sunnhordland politidistrikt sende fredag morgon ut ei oppmoding til publikum om ikkje å opphalda seg unødig utandørs. Politiet såg likevel forholda forsvarlege nok til at folk kunne koma seg til jobb og skule.

Isolerte på Bokn

Karmsund bru var stengt fredag morgon. Til og frå Karmøy er det høve til omkøyring via den nye Karmøytunnelen i T-sambandet.

Boknasund bru på E39 mot Arsvågen ferjekai var open berre for mindre køyretøy. Fleire større køyretøy har vore isolerte på Bokn sidan torsdag ettermiddag. Ifølgje Haugesunds Avis er ein av dei Kystbussen som køyrde frå Bergen torsdag morgon.

Gassferjene over Boknafjorden låg opptil fem timar på vêret utanfor Arsvågen torsdag ettermiddag og kveld.

Trekantsambandet ope

Stordabrua og Bømlabrua i Trekantsambandet var stengt i tre timar torsdag. Begge bruene var opne for trafikk fredag, men med krevjande køyreforhold ifølgje politiet. På Heiane på Stord sette eit vogntog seg fast på det glatte føret tidleg fredag.