I Hareidetunet i Rubbestadneset på Bømlo smilte dei to pensjonistane stolte over minsteguten Knut Arild (31) som har gjort lynkarriere i Kristeleg Folkeparti etter at han debuterte i Bømlo-politikken for 13 år sidan, berre 18 år gammal.

Knut Arild Hareide er Bømlo sin første statsråd.

— Han har alltid vore politisk interessert. Alt som 11-åring ringte han på eiga hand til valforskar Henry Valen for å få avklart noko innan politisk statistikk, seier mamma Tordis (69) og pappa Ragnar (70).

Dei fortel at Knut Arild har vore aktiv speidar, orienteringsløpar og Ten Sing-medlem heime på Bømlo. Han er flittig å gjesta heimen i Rubbestadneset, der guterommet alltid står klart.

Heime hos foreldra ligg den nyutnemnte ministeren i etasjeseng saman med broren Steinar (32), som han også deler leilighet med i Oslo. Knut Arild har som fire av dei fem Hareide-brørne vore avisbud for Bergens Tidende på Rubbestadneset. Knut Arild er yngst i søskenflokken på fem gutar. Han er utdanna siviløkonom fra Handelshøyskolen i Bergen.

STOLTE: Tordis og Ragnar Hareide er stolte av minsteguten Knut Arild som er blitt Bondevik-regjeringa sin nye miljøvernminister. FOTO: OVE A. OLDERKJÆR
<b>NY STATSRÅD:</b> Knut Arild Hareide.
Scanpix