Nyfødde Hedda og foreldra Ingvild Marie Grov og Arne Skulstad var like uvitande om kor gild denne nedkomsten var også utanom familien, inntil ordførar Liv Kari Eskeland (H) i dag møtte opp på Stord sjukehus si fødeavdeling med kristtornsmykke, kommune-pin og sølvskei i gåve til Stord sin innbyggjar nummer 18.000. På rådhuset på Leirvik gjekk også flagget til topps for Hedda.

Hordalands fjerde største kommune — bak Bergen, Askøy og Fjell - passerte 18.000-barrieren klokka 14.30 i går, torsdag. Hedda er Ingvild Marie Grov og Arne Skulstad sitt barn nummer to, frå før har dei ei jente på snart to og eit halvt år. Alt står bra til med mor og barn, blir det meldt frå fødeavdelinga.

- Vekst, ikkje stagnasjon

— Me set pris på alle nye verdsborgarar, og ønskjer å markera slike milepælar og visa at Stord er ein kommune i vekst og ikkje i stagnasjon, seier ordførar Liv Kari Eskeland.

I tillegg til gåvene ordføraren hadde med seg, inviterer kulturskulelektor Åge Vallestad vesle Hedda til gratis musikkleik til hausten, eitt semester påspandert av kommunen.

Utanom Bergen og omegnkommunane Askøy, Fjell og Os har Stord den sterkaste folketalsveksten i Hordaland. Kommunen hadde vel 10.000 innbyggjarar då Stord verft på byrjinga av 1970-talet tok steget inn i oljealderen og blei blant landets leiande offshoreverft og ein innflyttarmagnet for Stord.

Os går forbi

Stord har brukt ti år på å auka frå 16.000 til 18.000 innbyggjarar, og prognosane tilseier årleg 250 nye borgarar dei komande åra. Det betyr 20.000 stordabuar først om åtte år - i 2020. I mellomtida vil Os kommune ha passert Stord.

— Me er klar over at Os pustar oss i nakken og kjem til å gå forbi oss, med det tek me ikkje så tungt. Det er ein flott kommune det óg, seier Stord-ordføraren.

Ved inngangen til 2011 stod Stord med 17.804 innbyggjarar, Os med 17.210, Fjell 22.270, Askøy 25.602 og Bergen 260.392.